BESTA
fredag, april 19, 2024
DAGBOK 2024: 19. APRIL
torsdag, april 18, 2024
Dagbok 2024: torsdag18.april
Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa
Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grader og det er fint ver, litt skyer, men også sol.
I dag var eg på trening igjen, og som vanleg handla vi litt på KIWI på heimvegen. Då eg kom heim, la eg frå meg varene, og så gjekk eg ein runde på Vernet, greit å gjere det når ein først er komen i siget. Då eg kom heim att fann eg ei melding frå Einar, han ville komme innom ein tur. Det viste seg at han var her i Ørsta på jobb, så han kunne ikkje vere så lenge. Men eg fekk han i alle fall til å tømme støvsugaren min. Alle som kjem her blir utnytta på ein eller annan måte.
Det var for seint for meg å begynne på ein jobb ute i dag, så eg tok heller og vaska soverommet mitt. Eg vaskar der ikkje kvar veke, men i dag var det så fint å ha ut alle teppa at eg måtte nytte høvet. No er det gjort, og teppa skal inn att. I morgon blir det vanleg "fredagsvask". Det var mykje meir eg kunne tenkt meg å få gjort, men så er det denne ryggen min- med heilt "vanlege slitasjeskader."
Eg har lyst å begynne å styre i hagen, men det er sagt at det skal komme snø snart, og eg tviler ikkje på det. Derfor ventar vi også med å skifte hjul på bilen.
Eg har strikka opp alt garnet eg fekk av Solveig, eg har litt sjølv også, men det er ikkje så mjukt å strikke som det Solveig hadde.
Eg har enno ikkje fått orden på bilda, så eg har ikkje ferske bilde å legge ut på bloggen. Det kan hende eg kan bruke den andre maskina mi ,laptopen, men eg må no få orden på "storemaskina" også, for det er den eg brukar-
I morgon er det fredag og då er denne veka også gått over i historia-tida går så altfor fort for oss som er gamle.
onsdag, april 17, 2024
Dagbok 2024: 17.april
Dette var pynten på "Vernet" i fjor. Det kjem vel ein likeins i år.
Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 9 grader C, sola skin og det er litt vind. Heilt nydeleg ver altså.
I dag var det ikkje noko eg "skulle" så eg bestemte sjølv kva eg ville. Eg sat litt og øvde på spansk på Reels før eg tok ein tidleg tur på Vernet. Om morgonen er føtene sprekast. Då eg kom heim hadde eg bestemt meg for å sjå litt meir på "veden" som ligg under altanen dvs. thuja stammar og greiner frå i fjor sommar. Eg tenkte at eg kunne begynne å klippe ev.sage greiner etc.. Eg fekk gjort ein god del, men det må nok ei motorsag til for å ta stammane. Eg har motorsag som eg kan bruke, men eg er litt forsiktig med å bruke den når eg er åleine. Eg har gjort det før, men er blitt meir forsiktig etter diverse "ulykker"- Ja, ikkje akkurat med motorsag altså.
Eg saga nokre av dei tjukke greinene med vanleg handsag, men så begynte sagkrakken å gå ut i spagat og då gav eg meg. Det er sikker berre å stramme mutrane, men eg hadde ikkje lyst i dag. Eg hadde laga til ca 3 sekker med "ved" så det får halde ei stund.
Plukka litt singel på plenen opp mot gata, når ein freser snø på vinteren blir det alltid litt singel med. Til middag i dag laga eg smørbrød med egg og sild. Sette meg inn i stova med kaffikoppen , og etter kvart begynte eg å strikke. Det vart spennande, for det var andre lesten i eit par, og eg frykta at det vart for lite garn-og det vart det. No har eg lagt sokkane bort mens eg tenkjer ut ein plan.
Naboane i nr.5 driv på ute i lag. Hagearbeid er kjekkast når ein er to. Eg har ikkje sjekka opp alle prosjekta mine enno, men eg ser at det blir eit godt skvalder-år i år også, det er aldri uår på skvalderkål.
Hausten kom så brått i fjor at mykje av reiskapen min var ståande eller liggande ute og kom først fram når snøen for, og mykje av det eg skulle gjere, blei ikkje gjort. Så det blir litt å ta att. Marit og eg planlegg å plante på gravene, men på TV2 hadde verdama sagt at det var for tidleg å plante noko ute enno. Det skal visst bli snø igjen. Så naboen i nr.9 og eg vart samde om at det ikkje hasta med å legge på sommardekk heller. Sola skin framleis, men eg trur eg held meg inne.
I morgon er det trening igjen. Neste onsdag er det pensjonistmøte på Rjåneset, og eg trur eg må få klipt håret mitt før det.
tirsdag, april 16, 2024
Dagbok 2024: 16.april
Dette bildet er frå i fjor, men trappa ser likeins ut i dag og eg har gått dei 43 trinna i dag også.
Klokka er no 16.04, temperaturen er + 13 grader, men det er litt vind så det kjennest kaldare ut.
I dag var vi på trening igjen, og etter treninga var vi på apoteket, og etter det på KIWI. Og så sit vi alltid og pratar litt i bilen etter at vi er heime-det høyrer med.
Eg var ikkje spesielt trøtt av treninga i dag, så eg tok ein tur på Vernet med det samme. Då eg kom heim laga eg middag og åt. Og så slappa eg av ei stund framfor Tv-en. Eg heldt på å skulle sovne, men det prøver eg å unngå-
Eg føler også at eg må sjå og høyre nyheitene, men det er nesten som eg gruar til å sette på TV-en. Eg hadde aldri trudd at verda skulle bli så krigersk igjen, men dei som lever og styrer no har vel ikkje opplevd så mange krigar før. Eg kan med min beste vilje ikkje forstå at land vil krige mot kvarandre i vår opplyste tid.
Marit og eg vurderte å kjøpe blomster til gravene, men slo det frå oss sidan det er meldt kaldare ver. I dag såg eg mykje kvitveis, eg sakna kvitveisen i påsketida, men det var tidleg påske i år. Eg ser mykje på naturen når eg går turane mine, i dag såg eg små bjørketre som hadde begynt å få lauv, lerketrea har begynt å få grønfarge, dei kjem vel før bjørka.
Det er mykje som må gjerast i hagen her, men det er for tidleg, og for kaldt, og det er meldt at vi skal få snø igjen.
I morgon er det heimedag, men trening torsdag. Neste veke skal det vere pensjonistmøte, då skal vi vere på Rjånest i kafeen der. Eg veit ikkje om eg skal køyre ut eller om eg skal ta buss. Eg har ikkje vore på Rjåneset etter at Nils døde.Eg har ofte tenkt å ta ein tur dit, men det har ikkje blitt. No skal JULA også opne butikk i Furene. Greitt nok å ha kjøpesenter m.m. der, men Furene ligg i Volda, så Ørsta har mist fleire butikkar. Og det likar eg ikkje, og eg likar ikkje at vi må dit bort for å handle når vi misser butikkar her.
mandag, april 15, 2024
Dagbok 2024: 15.april
Eirik fyller 27 år i dag-og mormor gartulerer !
søndag, april 14, 2024
Dagbok 2024: 14.april
DAGBOK 2024: 19. APRIL
Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...
-
Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa. I dag var...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C. I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er helle...